Governance-fokus
Første dagen gjekk til ein heildags verkstad om kapasitetsstrategiar, leia av Microsoft-ekspertane Benni De Jagere, Matthew Farrow og Thierry Houy. Dei gjekk gjennom meir avanserte kapasitetsutfordringar: å utforske bursting, smoothing og throttling gjennom reelle scenario, planlegge kapasitetar og arbeidsområde, overvake helse og bruk, og øve på skalering i praksis. Sjølv om mykje var kjent frå før, var det gøy å få høyre ekspertane sine favorittips, blant anna om det nye dashbordet for kapasitetsskalering.
Fokusområde
Eit utval av tema Elisa fokuserte på og var interessert i i år:
- Data Mesh: Governing Microsoft Fabric at Enterprise Scale
- Purview Data Security Protections
- Enterprise Grade Security
- Instant Insight Pipelines: OneLake Shortcuts, Dataverse and PowerApps in Action
- Lifecycle Management within Fabric
- Og hennar personlege favoritt: Talking with your Security Model
Verdi og tankar
For Elisa var det motiverande å sjå kor mange som jobbar med, og brenn for, tema som tilgangsstyring, datamodellering og fornuftig kapasitetsbruk. I kvardagen kan dette vere tema ein løyser åleine, men dette er område kvart firma må ha på plass — og det er tydeleg at ein er mange der ute som jobbar med akkurat det same. Fabric-verda møtest på konferansar som dette, og Elisa fekk treffe både gamle kollegaer, nye kjenningar og vener som jobbar med liknande problemstillingar.
Ikkje alle nyheitene frå konferansen er like relevante for organisasjonar som er konservative med sin sjølvbetente analyse, men dei kan bli det etter kvart som løysingane modnast meir. Som venta var det mykje fokus på AI og agentar i år. Likevel er det viktig å vite korleis løysingane utviklar seg, kva funksjonalitet som kjem til, kva som endrar seg, og kva som forsvinn. Slik kan ein hjelpe kundane enda betre med å skreddarsy løysingar for nettopp deira organisasjon, utfordringar og tilsette.
Kanskje vi sjåast neste år, på FabCon i Amsterdam?
Mvh Elisa 
